Katalogtekst till Porta Sacra, Galleri K, Oslo – 1997

Det er nokre kunstopplevingar som set seg fast i ein, og som dermed pregar ein ugjenkalleleg, og Bjørn-Sigurd Tufta har fortalt at han ein dag medan han var elev ved Kunstakademiet i Bergen på loftet i eit hus som skulle rivast fann ein liten reproduksjon av Arnold Böcklins maleri Die Toteninsel, og i mange år blei hans eigne bilete i alle fall til dels kommentarer og merknader til Böcklins bilete. Det er slike opplevingar som kanskje verkar merkelege og uforståelege og kuriøse på mange, men som andre ikkje har vanskar med å kjenne seg att i. Og sjølv har eg hatt det på liknande vis. I mitt liv har eg hatt ei stor teateroppleving, det var ein gong midt på åttitalet, ein mørk haustkveld, det var ein stor nesten tom teatersal, nokre sjeler sat spreidde rundt i salen, nokre skodespelarar var på scenen. Og så skjer det noko, på scenen, mellom scene og sal, ikkje veit eg, noko skjer og det er ikkje noko bestemt ved stykket som gjorde det, heller ikkje var det noko bestemt eg kan peike på i regi eller skodespeleri som gjorde det men stykket som varar i fleire timar samlar seg til ei intens oppleving eg framleis kan kjenne røre seg i meg. Både før og etter har eg sett dårleg teater, men har du ein gong sett teatret godt, reddar det ein frå alt det dårlege ein elles skal møte. Kva har så dette med Bjørn-Sigurd Tufta å gjere? Jo også med Bjørn-Sigurd Tuftas bilete har eg hatt ei liknande oppleving. Kva tid eg første gong såg noko av det han hadde laga, kan eg ikkje hugse. Men eg kan hugse det uutslettelelege inntrykket bileta gjorde, og som for alltid har forhindra meg frå å meine at modernistisk kunst i vidaste forstand er påfunn og talentløyse – som nokre framleis får seg til å meine, eg klarer ikkje med min beste vilje å forstå kva som får nokon til meine det – og eg er også for alltid redda frå å meine, slik meininga no ofte visstnok er, at ein kunstnars personlegdom, og det landskap han er prega av, ikkje har noko å seie for kunsten: bileta til Bjørn-Sigurd Tufta stod jo der og var intenst nærverande, fulle av innsikt og av mitt eige vestnorske landskap, av min eigen vestnorske mentalitet, utan at noko direkte vart referert eller illustrert i biletet og utan at noko attkjenneleg landskap kunne sjåast i den ganske så monokrome biletflata. Bjørn-Sigurd Tuftas evne til å lade ei biletflate, ja til å lade den med den djupaste menneskeleg søkjande røynsle og meining, er rett og slett nesten uforståeleg, han klarer, som ingen andre eg veit om, å få ein taus materialitet til å snakke, til å meddele seg. Eit bilete av Bjørn-Sigurd Tufta er ein taus tiltale om dei største spørsmål og om dei evige verdiar, ja eg vågar seie det, og sjølv om det er uråd å vite nett kva bileta seier, så uttrykker dei seg heile tida, nett så klart og så tungt ein kan seie det som ikkje kan seiast. Og er det ikkje nett slik god kunst er, enten det no er biletkunst, teater eller litteratur? Den meddeler noko som er så viktig at det er uråd å seie nett kva den meddeler, og dermed klarer den å formidle i alle fall ei kjensle av det viktigaste, det som er så stort at det ikkje kan seiast på noko anna vis. For meg blei altså møtet, der ein gong på åttitalet, med bileta til Bjørn-Sigurd Tufta eit av dei sterkaste møta eg har hatt med biletkunst, og det sterkaste møtet eg har hatt med samtidskunst i det heile tatt. Og bileta hans har nok òg vore med på å gi meg innsikt også i mitt eige arbeid som forfatter, for heller ikkje i litteraturen er det det som direkte blir sagt som har mest å seie, det er så å seie i handsaminga av sjølve materialet, i sjølve forminga av materialiteten, at det viktigaste som skal seiast må seiast, og helst i rå sterkt disiplinert venleik. Så vanskeleg er det. For korleis får ein så til dømes ei nesten heilt svart biletflate til å meddele seg på sin heilt eigen personlege måte? Korleis gjer ein det? Dei ytre teknikkar og reidskapar er greie nok, men dei er jo i og for seg berre ytre teknikkar, korleis får ein det eigentleg til? Korleis går det til? II Det er no fleire år sidan sist eg såg nyare arbeid av Bjørn-Sigurd Tufta, i fleire år har Han arbeidd stedig vidare med sin kunst i atelieret sitt i Strusshamn, på Askøy utanfor Bergen, der han vaks opp, og der han framleis bur, i barndomsheimen som han fekk overta etter besteforeldra sine. Eg er spent på korleis bileta hans har utvikla seg. Og når eg får sett dei, ser eg at visst har det skjedd mykje med bileta hans, men det tause og samtidig talande – ja så paradoksalt må ein tillate seg å seie det – er der framleis, den viktige tiltalen, som nesten blir sakral, er der framleis, men samstundes er bileta blitt rolegere, meir harmoniske, nokre av dei er til og med nesten blitt lyse til sinns, og sjølv dei tyngre bileta er blitt meir avstemte kan ein kanskje seie, for det er som om dei visuelle mentale klangane – frå hav og himmel, knauser og berg, frå kaiar og hus – som fører inn i dei store spørsmåla no blir handsama gjennom lettare så å seie usynlege motiv. For framleis kan kanskje bileta, i det som direkte framgår, beskrivast som abstrakte landskap, der abstraksjonen no synleg viser seg i at bileta er delte opp, enten i og med at dei er bygde opp av fleire mindre lerret, eller ved at eit rutemønster deler dei opp, som eit vindauge i ei kyrkje, nesten, og framleis er bileta prega av det sterke maleriske talentet som ladar bileta, med alvor, som før, med røynsle, som før, men no ser eg også i dei ein livsvisdom som kan nærme seg, ja nesten ei slags resignert livsglede. Bjørn-Sigurd Tufta er ein kunstnar som stedig held fast ved grunntrekka i talentet sitt, og som langsamt lar det utvikle seg, etter som, vil eg nesten tru, også det eigne livet utviklar seg, etter kvart som røynsler og roleg livsvisdom leggst til. Han er ein ærleg kunstnar, men han blir aldri privat, og heller aldri blir han offentleg generell, han er ikkje ein kunstnar som lagar bilete ut frå trend eller abstrakte omgrep, bilete hans blir til imellom det private og det offentlege, imellom det spontante og det sindig reflekterte, imellom det originale og det danna. Og det er jo nettopp der, i det musikalske mellomrommet, at kunsten har sin eigen plass, ein plass kvar sterk kunstnar åleine etablerer, ein plass som strengt tatt ikkje har noko namn men som nettopp er kunstens eigen skjøre stad, staden som det er så lett å oversjå men som det store talentet veit om og held fast ved, i medgang og motgang, år ut og år inn.

Jon Fosse

Skills

Posted on

12 December, 2018